Kvinnehelse er folkehelse -så kvifor speglar ikkje statsbudsjettet det?
Statsbudsjettet er lagt fram. 20 millioner kroner går til Forskningsrådet for forskning på kvinnehelse. Dette er det same som i fjor. 15,5 millioner kroner skal gå til Nasjonalt senter for kvinnehelseforskning. Dette er ei marginal auking frå fjorårets 14,9 millioner kroner.
Dette er for dårleg!
Eg vil tru de aller fleste av dykk kjenner til Simone de Beauvoire sitt verk «Det annet kjønn», og veit at tittelen speglar boka godt: I verda vi lev i, er mannen Mennesket med stor M. Vi ser det i språket, og, vil eg påstå: Vi ser det i legevitskapen.
Nesten all forsking på menneskekroppen, har fram til nyare tid vorte gjort på mannekroppen. Det har vorte rekna som for komplisert å forske på ein kropp med hormonelle syklusar, og det har ikkje vorte sett som visst at det ein lærer av kvinna, også gjeld for menn. At menn også har hormon, og at desse også svingar, har ein vore ein dealbraker. Ein har rett og slett vurdert kvinna som ein mindre variant av mannen, og tatt for gitt at det ein lærer av å forske på menn, kan verte overført til kvinner.
Kvinna som den andre, der altså. Der mannekroppen representerer Menneskekroppen, representerer kvinnekroppen utelukkande andre kvinner.
Av 88000 norske medisinske forskningsartiklar publisert mellom 2000- 2020, er det berre rundt 1800 som omhandlar kvinnehelse, eller som har eit kjønnsperspektiv.
Men gjør det noko? -kan du kanskje spørje- Så lenge vi kan bruke den kunnskapen mannekroppen gir oss til det felles gode? Svaret på det er JA. Dersom du som kvinne, eksempelvis får hjerteinfarkt, er risikoen for kritisk utfall større enn hos menn, fordi symptoma ofte utartar seg ulikt. Sidan vi har forska på mannen, er det hans symptom vi er merksame på. Difor kjem menn raskare til behandling, og har større sjanse for overleving.
Eg vil nemne litt fleire tal: Det forskast fem gangar meir på ereksjonssvikt, enn på smertefull sex hos kvinner. Det er altså fem gangar så viktig for samfunnet at menn får ereksjon, enn at kvinner har smertefri sex. Kvinna som den andre, der altså.
Dette leier meg over til det neste, openbare problemet når det kjem til at mannen er norma i medisinsk forsking: Kunnskapsmangel. Om du er ei av dei 10% av kvinner som lever med endometriose til dømes, tar det i snitt 7,5 år før du får stilt rett diagnose. Dette er uhaldbart!
Kvinner som lever med endometriose rapporterer ofte om audmjukande, lange prosessar i møte med helsevesenet, der dei vert avfeia med at det gjør vondt å ha livmor, og at menstruasjon ikkje er ein sjukdom. Dette er erfaringar som også kvinner med tilstander som til dømes vestibulitt og vulvodyni gjør seg. Kvinner med ulike vulvalidingar (rundt 30% av alle kvinner), rapporterer om ting som dagelege smerter, betydelege konsekvensar for samliv og skamkjensle.
Vi veit lite om årsakene til desse lidingane, og dei kvinnene som er ramma, fell ofte utanfor det ordinære helsevesenet. Det finnes i dag ein vulvapoliklinikk i Noreg, men denne har ikkje kapasitet til å ta i mot alle som har behov. Det er atlså problem med manglande forsking, manglande kompetanse, og manglande midlar når det kjem til kvinners underlivsplager.
Men heldigvis tar vi ereksjonssvikt på alvor.
Kvinna som den andre, altså. Noko av det vulvapasienter har til felles med andre kvinnelege pasientar, er bagatelliseringa eller psykologiseringa av smerte.
Menn får meir effektiv smertebehandling i møte med helsevesenet enn kvinner, som 2,5 gongar oftare får beroligande midlar for smertene sine. “Ho har vondt fordi ho er bekymra- ho er ikkje bekymra fordi ho har det vondt.”
Sånn er det jo med oss kvinner, det veit vi jo!
Bøkene vi har lese, filmane vi har sett, historiene vi har høyrd: så mange variasjonar over den overemosjonelle kvinna. Vi har høyrd nok historier til at vi iallfall delvis har internalisert denne sanninga, til at den iallfall bur i oss i form av ei snikande sjølvtvil.
Så når vi vert fortalt at det truleg er svake nervar, heller enn hjarteproblem, vil mange av oss forlate legen, noko forvirra kanskje, men fullstendig open for at vi kanskje berre har innbilt oss alvoret som dreiv oss dit.
Hysteriske kvinner sit enno som skrømt i norske legekontor.
Eg vil ikkje påstå at helsevesenet gjer dette med overlegg. Eg trur eg dei aller fleste ønskjer sine pasientar vel, uavhengig av kjønn. Problemet er ein kultur der ideen om kvinners emosjonelt drivne natur, er ein sentral del av vårt felles narrativ.
Og når vi veit at ein av grunnane til at kvinner bruker lengre tid på å verte diagnostisert med hjarteinfarkt, er nettopp at mange underspeler smerta dei har, er det på tide å ta ein stor samfunnsdebatt om korleis fordommane vi har til kvinner, i seg sjølve er eit helseproblem.
Vi trenger sårt meir samtale, og meir kunnskap!
Den kulturelle tropen om den hormonelle kvinnekroppen og det sensitive kvinnesinnet, gjør mellom anna at kvinner oftare enn menn ender i psykiatrien med reelle smertelidingar. At smerter kan skuldast psykiske lidingar, er rett det, men i også i psykiatriske diagnosar kjem kvinner skeivt ut. Psykiatrien har lenge basert sine studier på menn. Dette gjør at mange kvinner, særleg med lidingar som ADHD, asperger, og autisme går udiagnostiserte fordi dei ikkje i like stor grad får dei «typiske symptoma» for lidinga. Svært mange kvinner får først ein diagnose godt inn i vaksenlivet.
Dei fleste psykiatriske diagnosar kjem med både godt og vondt, men det er mykje lettare å dyrke det gode og handtere det vonde om ein er klar over eigne forutsetningar, og får rettleiing og hjelp til dette. Det bør også falle inn under «tidleg innsats».
Enn så lenge, held mange kvinner fram med å undertrykke problem og symptom, til dei treff den berømte veggen. Det er mange kvinner i psykiatrien. Om det er noko som skuldast kvinna i seg sjølv, veit vi lite om. Eg trur ikkje det. Når ein etterkvart byrja å forske på stressrespons hos kvinner, oppdaga dei at oxytocin, kjærleikshormonet, vert utløyst under stress. Testosteron blokkerer det, så hos menn er flukt og kamp dei vanlege responsane, men hos kvinner utløyser det ei trang til å søke fellesskap.
Dette er verdiar verda vi lever i har godt om å omfamne, men verda vi lever i: Den verda vi har arva, er forma av menn. Sjølv storleiken på objekta vi omgir oss med er forma til mannen: høgda på skap, mobiltelefonen som er forma etter ein mannehand, verktya vi bruker, kunstig intelligens, bilbelta som skal halde oss trygge, endatil temperaturen i offentlege bygg, er kjønna.
Kjønninga av verda straffer oss alle, men særleg kvinner vert framandgjorde og pressa, da dei i tillegg til å navigere denne verda- i fullt arbeid- enno tar mest av det ubetalte omsorgsarbeidet på heimebane. Dette er nok ein viktig grunn til at mange kvinner er i psykiatrien, og at kvinner topper sjukmeldingsstatistikkar.
Difor er det forstummande at vi i 2022 ikkje ser eit statsbudsjett som svarer til eit skrikande behov for meir forsking, meir kompetanse og fleire spesialiserte klinikkar. Det er eit hån mot kvinner som sliter, kvinner som gruppe, og samfunnet som heilskap.