Ingen skal måtte selje kroppen sin. Følg opp sexkjøpslova!
Debattinnlegg i Aftenposten av Sofie Klemetzen, 22.desember 2022
Den 7. desember kunne NRK Brennpunkt avsløre at dei i nesten to år har kartlagt thai-massasjemiljøet i Noreg, og at deira funn syner at 75% av dette tilbyr seksuelle tenester. Talet burde sjokkere, og gjer på sitt vis det, men på same tid har dei fleste av oss har høyrd nok vitsar på kostnad av thai-massørar til ikkje å ramle av stolen.
Den 12. desember følgde Brennpunkt opp med ei sak om mødrer som lar, eller legger til rette for, at deira døtrer kan selje sex. Felles for kvinnene i thai-massasjemiljøet er deira minoritetsstatus i det norske samfunnet. Somme snakkar ikkje norsk, og meistrar dårleg engelsk. Somme kom til landet via ekteskap til norske menn, som av ulike grunnar ikkje var haldbare. Felles for dei alle er behovet for økonomisk stabilitet, og for enkelte- eit ønskje om å støtte familie i utlandet.
Den 9. desember avslørte VG at ei norsk nettside for sugardating som eigaren hevda vart stengt i 2021, enno hadde aktive annonsar så seint som i haust. Fleire mindreårige har fått registrere seg på sida. Svensk politi har følgd med på sida. Kvar er det norske?
12. desember kom NRK med ei sak om aleinemødrer som blir møtt med tilbod om sex i bytte mot pengar eller varer, når dei har bede om hjelp til jul via finn.no. Kvinna som var intervjua i den aktuelle saka har politimeldt førespurnadane. Her forventar vi at politiet aktivt føl opp.
I Norge trådde sexkjøpsloven i kraft i 2009. Loven gjer kjøp av sex straffbart, så kvar er politiet? Det er viktig å understreke at sexkjøpslova ikkje kriminaliserer sal av sex. Det er kjøparen, og den som profitterer på andre sitt sal som kan- og skal verte straffa. Det overveldande fleirtalet av dei som sel sex, tilhøyrar marginaliserte grupper i samfunnet.
Vi som samfunn skuldar desse kvinnene hjelp. Vi trenger tiltak som opphald på sjølvstendig grunnlag for kvinner som gifter seg med nordmenn, og opphaldstillating til ofre for trafficking. Vi trenger exit-program for kvinner i prostitusjon, og vi trenger politimeistrar som aktivt følger opp sexkjøpslova!
Vi veit at så lenge det er etterspurnad, vil det finnes offer for prostitusjon. Ved å nedprioritere feltet, legger vi til rette for at menneskehandlarar vil halde fram. Om politiet effektivt etterforskar og tar ut tiltale mot sexkundar og hallikar, og om politikarane gjer endringar som sikrar tryggleiken til kvinnene, vil vi nå eit punkt der vitsar om thai-massørar vert forelda, og folk i fattigdom slepp førespurnadar om sex når dei ber om hjelp til jul.
For å arbeide for ei verd der ingen skal måtte selje kroppen sin for å få det dei trenger, må politiet gjere sin del. Vi trenger omfattande politiske endringar for å få bukt med fattigdomsproblematikk, men utan å kvele etterspurnaden, kjem vi ikkje i mål. Vi reknar med at politimeistrar i det ganske land er like forferda over den siste tida sine avsløringar som oss, og ser fram til at tiltalene kjem.